Fastlege Og Fastlegevikar

Sula Kommune • langevåg, langevåg • Posted June 20, 2026

Position Overview

Om stillinga
**Vi søkjer deg som vil bli ein del av vårt team. Vi har ledig både vikariat og ein fastlegeavtale.**
Sula kommune har ledig fastlegeavtale tilknytt kommunelegekontoret. Listetak på 900 pasientar, men 700 pasientar på lista no. Oppstart etter nærmare avtale
Kommunen har også eit ledig vikariat for perioden - . Det er ein nyoppretta avtale med listetak på 700, men den er ikkje full.
Det er ikkje knytt kostnader til oppstart av fastlegeavtalen (goodwill).
Kommunelegekontoret har i dag 10 fastlegar og ein LIS1-lege. Nesten alle fastlegane er spesialistar i allmennmedisin. Ein har også dyktige medarbeidarar i form av helsesekretærar og sjukepleiarar. Kontoret har fokus på godt samarbeid, god kompetanse og tenesteutvikling, alt for at både pasientar og medarbeidarar skal trivast.
Driftsforma er basert på næringsdrift som hovudmodell der legen betaler leige til kommunen for lokaler, utstyr og personell m.m. Fastlegar med driftsavtale får utbetalt basistilsko...