Integrasjonsarkitekt

Helse Vest IKT • bergen, bergen • Posted June 30, 2026

Position Overview

Verksemdsutvikling, Helse Vest IKT
- Om stillinga
- Har du teke i bruk dei digitale tenestene på helsenorge.no? Har fastlegen din sendt tilvising eller tatt i mot prøvesvar digitalt frå sjukehuset? Eller kanskje du har sjekka inn digitalt og betalt med VIPPS på sjukehuset? Då har du sett resultatet av nokre av dei mange integrasjonsløysingane vi har ansvar for!
**Bli med i eit høgt kompetent fagmiljø!**
Integrasjonssenteret med sine 39 dyktige tilsette utgjer eit av dei største og mest unike integrasjonsmiljøa i Noreg. Målet vårt er at informasjonsflyt mellom fagsystem i sjukehusa og dei ulike samhandlingspartane i sektoren fungerer optimalt. I hjartet av denne flyten ligg gode integrasjonsløysingar og ein framtidsretta integrasjonsplattform. Tilgang til kritiske og sensitive helsedata for 1,2 millionar innbyggarar på ein enkel, men samstundes trygg og effektiv, måte, har aldri vore viktigare. Kvar dag blir mange millionar meldingar og spørjingar sende og mottekne i samband...