Key Account Manager Strategiske Kundar

Skagerak Consulting • skien, skien • Posted July 22, 2026

Position Overview

Key Account Manager for strategiske kundar - Telemark Bilruter
Telemark Bilruter-konsernet byggjer framtida på lokal forankring, solid erfaring og eit tydeleg mål om å skape verdi - både for kundane våre og samfunnet rundt oss. Med strategien for satsar vi målretta på sterke og langsiktige kundeforhold, berekraftige løysingar og meir smidige og framtidsretta leveransar.
Vi skal vere ein transportpartnar kundane kan stole på, kvar dag. Samtidig utviklar vi verksemda gjennom digitalisering, effektiv samhandling og tett dialog mellom kundar, drift og leiing. Med røter i Telemark og blikket retta framover, tek vi ei aktiv rolle i utviklinga av regionen og tenestene våre.
**Vil du vere med og forme framtida til Telemark Bilruter?**:
Telemark Bilruter er i sterk utvikling og satsar offensivt på større og langsiktige kundeleveransar, med datasenteret i Fyresdal som ein sentral del av satsinga. No søkjer vi ein kommersiell og relasjonssterk kundeansvarleg som får eit strategisk a...