Prosjektleiar

Ørsta kommune • ørsta, ørsta • Posted June 14, 2026

Position Overview

Om stillinga
Ørsta kommune har ledig 100 % stilling som prosjektleiar for snarleg tilsetting. Kommunen er i stadig utvikling og har difor behov for deg som søkjer ei sjølvstendig, utfordrande og interessant stilling, der det vil verte varierte oppgåver lagt til stillinga. Prosjektleiar er for tida del av kommunalsjef teknisk, eigedom og landbruk sin stab.
Vi søkjer ein prosjektleiar som skal ha ansvar for alle fasar i byggeprosjektet, frå utvikling og forprosjekt til gjennomføring og ferdigstilling av prosjektet. Prosjektleiar står for utvikling av prosjekt
- og konkurransegrunnlag, anbods
- og tilbodsprosessar, og kontrahering i samarbeid med kommunen sine juristar.
Prosjektleiar samarbeider nært med alle kommunalområda og andre brukargrupper for å avklare brukar
- og arealbehov og kvalitetar. Prosjektleiar utgreier saker knytt til arealutvikling og finansiering for politisk handsaming. Ørsta kommune er no inne i eit samarbeidsprosjekt med Møre og Romsdal fylkeskommu...