Stipendiat I Reservoarfysikk - Centre for

Universitetet i Bergen • bergen, bergen • Posted July 13, 2026

Position Overview

UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.stipendiat i reservoarfysikk - Centre for Sustainable Subsurface Resources (CSSR)
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig stilling som ph.d.stipendiat i reservoarfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Centre for Sustainable Subsurface Resources (CSSR) og er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
CSSR har som mål å bidra til utsleppskutt på norsk sokkel i løpet av det neste tiåret og bidra til betre forståing av komplekse prosessar i undergrunnen. Dette inkluderer CO2-lagring, hydrogenlagring og forsking på andre energiberarar med lågt karbonavtrykk samt effektiv reservo...